Brønnøysund

Brønnøysund er ein by og administrasjonssenteret i Brønnøy kommune i Nordland. Tettstaden har 5 070 innbyggjarar per 1. januar 2017 og fekk bystatus i 1996. Brønnøysund vart likevel ladestad allereie i 1923, og hadde då ein byliknande busetnad. Rett utanfor og frå Brønnøysund kan du sjå Torghatten som er eit kjent landemerke i Nordland.

Brønnøysund
By
Storgata i Brønnøysund.jpg
Storgata i Brønnøysund
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Brønnøy
Areal 3,36 km²
Folketal 5 070 (2017)
Folketettleik 1 509 / km²
Postnummer 8900 BRØNNØYSUND

Brønnøysund
65°28′30″ N 12°12′43″ E
Wikimedia Commons: Brønnøysund
Vinterbilde frå Sørbyen i Brønnøysund med Torghatten i bakgrunnen til høgre.

Hurtigruta stoppar i byen to gonger om dagen, sørgåande om ettermiddagen og nordgåande rett over midnatt. Brønnøy kyrkje som står i Sørbyen vart innvia i 1870, men den fyrste kyrkja vart bygd så tidleg som på slutten av 1100-talet.

Tettstaden er mest kjend bland nordmenn flest for Brønnøysundregistra.

Den 6. mars 1995 la Brønnøysunds Avis som fyrste avis i Noreg ut nyhendestoff på internett.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Brønnøysund
 
Brønnøysund sett frå Trælneshatten sør for byen, med flyplassen nærast, sentrum bak denne, Hestøya over brua til venstre, Ylvingen den lange øya noko til venstre for midten, østre delar av Vega bak denne og Dønna til høgre i horisonten.