Timepeace

album av Terry Callier
Timepeace
Studioalbum av Terry Callier
Utgjeve 27. januar 1998
Sjanger Soul-jazz
Lengd 1:05:28
Selskap Verve Forecast
Produsent Brian Bacchus og Eric Hochberg
Terry Callier-kronologi 
Turn You to Love
(1979)
Timepeace Lifetime
(1999)


Timepeace er det sjuande studioalbumet til den amerikanske musikaren Terry Callier, gjeve ut i 1998. Det var det første albumet hans på nesten tjue år. Han hadde gjeve ut fleire album i 1970-åra, men gav seg med musikken tidleg i 1980-åra då han fekk foreldreretten over dottera si. Han byrja då å studere informatikk og sosiologi ved University of Chicago, der han sidan vart tilsett.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Mot slutten av 1980-åra byrja britiske DJ-ar å oppdage og spele musikken hans. I 1990-åra vart Callier etter kvart henta over til Storbritannia på spele på klubbar der, noko han ofte gjorde i feriane sine.

I 1994 gav Urban Species ut det første albumet sitt, Listen, der tittelsporet sampla basslinja og gitarriffet frå Callier-songen «You Goin' Miss Your Candyman» frå 1973. Seint i 1990-åra byrja Callier på eit comeback i plateindustrien og samarbeidde med Urban Species på EP-plata deira Religion and Politics i 1997 og medverka på Beth Orton-EP-en Best Bit, før han gav ut Timepeace i 1998.

Albumet nådde 92. plassen på den britiske albumlista. Callier vann Dei sameinte nasjonane sin Time For Peace-pris for eineståande kunstnarisk medverknad til verdsfred med dette albumet.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Terry Callier, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Ride Suite Ride (Intro)» 2:49
2.«Lazarus Man» 8:26
3.«Keep Your Head Right» 4:53
4.«Java Sparrow» 5:12
5.«People Get Ready / Brotherly Love»Curtis Mayfield / Terry Callier6:49
6.«Love Theme from Spartacus»Alex North4:29
7.«No More Blues» 5:43
8.«Timepeace / No One Has To Tell You / Build A World Of Love» 8:55
9.«Following Your Footprints»Wayne Shorter6:36
10.«C'est La Vie» 5:14
11.«Coyote Moon» 4:50
12.«Aka New York Al» 4:48
13.«Traitor to the Race» 3:20
Bonusspor på 2006-sidan
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
14.«Love Theme from Spartacus» (Zero 7 Remix)Alex North4:07

Medverkande endre

  • Terry Callier - vokal, akustisk gitar
  • Ernie Denov - gitar (spor 1)
  • John McLean - gitar (spor 2, 13)
  • John Moulder - gitar (spor 3, 6, 11-13)
  • Dave Onderdonk - gitar (spor 4)
  • Jim Mullen - gitar (spor 5, 7)
  • Mike Kocour - piano, orgel (spor 1)
  • Mark Edwards - orgel (spor 5), piano (spor 5, 7, 9)
  • Eric Hochberg - bass (spor 1-3, 12-13), kontrabass (spor 4, 6)
  • Dave Barnard - bass (spor 5, 7, 9)
  • Morris Jennings - trommer (spor 1, 3, 12)
  • Alfredo Alias - trommer (spor 2, 4, 6)
  • Dave Trigwell - trommer (spor 5, 7, 9)
  • Hank Guaglione - trommer (spor 11)
  • Paul Wertigo - trommer (spor 13)
  • Pennington McGee - perkusjon (spor 1-4, 11-13)
  • Boscoe D'Olivera - perkusjon (spor 5, 7, 9)
  • Gary Plummley - tenorsaksofon (spor 5), sopransaksofon (spor 7, 9)
  • Larry Bowen - trompet (spor 11-13)
  • Suzanne Palmer - korvokal (spor 3, 11-13)
  • Toni Moore - korvokal (spor 3, 11-13)
  • Veronica Cowper - korvokal (spor 5, 7, 9)
Teknisk
  • Produsent: Brian Bacchus (spor: 2-7, 9, 11-13), Eric Hochberg (spor: 1, 13)
  • Miksa og mastra av James Nichols
  • Lydteknikarar: Craig Williams (spor: 1-4, 6, 8, 11-13), Michael Ade (spor: 5, 7, 9, 10)
  • Assisterande lydteknikar: Natalie Heath (spor: 5, 7, 9, 10)
  • Notat i plateomslaget: Johnny Chandler

Kjelder endre

  1. Ankeny, Jason. TimepeaceAllmusic