Christina Weirather, kjend som Tina Weirather, (fødd 24. mai 1989) er ein tidlegare alpin skirennar frå VaduzLiechtenstein. Ho vann FIS-premien som verdas beste i super-g på kvinnesida i 2017 og på ny i 2018. I den same øvinga sikra ho seg sølvmedaljen under VM i alpine greiner 2017 og bronsemedaljen ved Vinter-OL 2018. Perioden 2013-18 sigra Weirather i ni enkeltrenn i verdscupen i alpine greiner; sju i super-g, eitt i storslalåm og eitt i utfor.

Tina Weirather


Statsborgarskap Liechtenstein, Austerrike
Fødd 24. mai 1989 (34 år)
Vaduz
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2018, Vinter-OL 2018, Vinter-OL 2018

Utmerkingar

Sportler des Jahres 2006, 2012, 2013, 2014, 2015, 2016, 2017, 2018

Ho er dotter til Hanni Wenzel og Harti Weirather, alpine skirennarar frå høvesvis Liechtenstein og Austerrike som hevda seg i verdstoppen på 1970/80-talet. Tina Weirather trente elles mykje i lag med det sveitsiske landslaget.

Kjelder endre

  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.