Tirat Yehuda
Tirat Yehuda (hebraisk skrift טִירַת יְהוּדָה, tyder Judaborga) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Yehud og Ben Gurion internasjonale lufthamn og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 859.
Tirat Yehuda | |||
moshav | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Hevel Modi'in | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1949 | ||
- Grunnlagd av | Ungarske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Hapoel HaMizrachi | ||
![]() Tirat Yehuda | |||
Wikimedia Commons: Tirat Yehuda | |||
Moshaven vart grunnlagd i 1949 av immigrantar frå Ungarn. Han låg først lenger nordaust i området som i dag er Bareket, før han flytta til den noverande plasseringa i 1951. Han vart kalla opp etter den nærliggande, fråflytta arabiske landsbyen al-Tira og at han låg nær grensa til landområdet til Juda-stamma.
Dei første åra vart han angripen fleire gonger av fedayeen, og hadde status som grensebusetnad fram til seksdagarskrigen.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Tirat Yehuda» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: