Tirat Zvi (hebraisk skrift טִירַת צְבִי, tyder 'Zviborga') er ein religiøs kibbutz i Beit She'an-dalen. Han ligg 10 km sør for byen Beit She'an i Israel, like vest for Jordanelva og grensa til Jordan, og er ein del av Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune. I 2006 hadde kibbutzen eit folketal på 654.

Tirat Zvi
טִירַת צְבִי
kibbutz
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emeq ha-Ma'ajanot
Koordinatar 32°25′18″N 35°31′28″E / 32.42167°N 35.52444°E / 32.42167; 35.52444
Folketal 645
Grunnlagd 30. juni 1937
 •  Grunnlagd av Europeiske emigrantar
Tilhøyrsle Den religiøse kibbutzrørsla
Kart
Tirat Zvi
32°25′19″N 35°31′42″E / 32.421944444444°N 35.528333333333°E / 32.421944444444; 35.528333333333
Kart som viser Tirat Zvi.
Kart som viser Tirat Zvi.
Kart som viser Tirat Zvi.
Wikimedia Commons: Tirat Tzvi
Nettstad: [1]

Geografi

endre

Tirat Zvi ligg 220 meter under havnivå. Den 21. juni 1942 vart den høgaste temperaturen som nokon gong er målt i Asia (54 °C),[1] målt her, sjølv om det er sett spørsmålsteikn ved truverda til rekorden.[2]

Historie

endre

Kibbutzen vart grunnlagd den 30. juni 1937 som ein del av tårn og palisade-systemet. Grunnleggjarane var jødar frå Polen, Romania og Tyskland. Pionerane kom frå to grupper: Kvutzat Shahal og Kvutzat Rudges. Kibbutzen er kalla opp etter rabbien Zvi Hirsch Kalischer, ein av grunnleggjarane av sionismem og leiar for Hovevei Zion. «Tira» syner til ein to etasjar høg murbygning som vart kjøpt av den araiske landeigaren Musa al-Almi.[3]

Kibbutzen vart angripen den 28. februar 1938 av væpna arabarar under arabararopprøret. Åtaket vart drive attende med store tap på begge sider.[3]

Den 20. februar 1948, før dei kringliggande arabarstatane offisielt gjekk inn i den arabisk-israelske krigen i 1948, gjekk ein bataljon frå Den arabiske frigjeringshæren leia av Muhammed Safa til åtak på Tirat Zvi. Arabarane vart drivne attende, etter at 60 av arabarane vart drepne. Ein mann frå kibbutzen mista livet i kampane.

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Tirat Zvi» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2015.
  • Edna Margolis, Isidor Margolis, R. Cohen & J. Cohen, Jew and arabarar on the Border: A story of Religious Pioneering, Hapoel Hamizrachi of America, 1940, New York, Edited by Aaron Binnun.
  1. «Eastern Hemisphere: Highest Temperatur». World Meteorological Organization. Henta 18. juli 2013. [daud lenkje]
  2. Christopher, Burt. «Hottest air temperaturs reported on jorda». Weather Underground. Arkivert frå originalen 3. januar 2014. Henta 18. juli 2013. 
  3. 3,0 3,1 Yorav.co.il, Historie of kibbutz Tirat Zvi