Tissino
Tissino er ei lita elv aust i Umbria i Italia. Ho spring ut nokre hundre meter sør for Usigni om lag 1000 meter over havet og renn 20 km nordover, forbi byane Usigni, Poggiodomo, Roccatamburo og Mucciafora, høgt ovanfor elva i massivet Coscerno og Bacugno på vestsida, og så forbi Rocchetta og Ponte di Cerreto før ho munnar ut i Nera om lag 380 meter over havet, om lag 1 km sørvest for Cerreto Borgo.
Tissino må ikkje forvekslast med Tescino, som renn nokre kilometer bortanfor og som munnar ut i Nera ved Terni, eller med Ticino, ei større elv i Nord-Italia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Tissino frå Engelsk Wikipedia .