Titan Nunatak
Titan Nunatak er ein brei, heller flat nunatak, med ei høgd opp mot kring 460 moh., som ligg mellom Coal Nunatak og Tethys Nunataks i sørausthjørnet av Aleksanderøya i Antarktis. Nunataken vart oppdaga og fotografert frå lufta av Lincoln Ellsworth den 23. november 1935, og kartlagd frå bilete tekne under denne flyturen av W.L.G. Joerg. Han vart observert frå nordvest (retninga Ellsworth fotograferte nunataken), og berre toppen stikk opp av kystisen. Det var derfor usikkert om toppen var ein del av Aleksanderøya eller ei øy i George VI Sound. At det var eit fjell var avgjort av Falkland Islands Dependencies Survey, som kartla nunataken i 1949. Han vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee etter plasseringa nær Saturnbreen. Titan er ein av månane til planeten Saturn.
Titan Nunatak | |||
nunatak | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
• høgd | 460 moh. | ||
- koordinatar | 72°9′S 68°43′W / 72.150°S 68.717°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Titan Nunatak 72°09′00″S 68°43′00″W / 72.15°S 68.7167°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Titan Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).