Tittel er eit ord som typisk blir brukt til å visa nokon sin status, sosiale stilling eller yrke. Titlar kan brukast ved tiltale eller omtale. Ein kan få ein tittel gjennom fødsel, arv eller eigen innsats.

Vanlege titlar er «herr», som finst på ulike språk og kan brukast om kvar mann utan annan tittel og «fru» og «frøken», som skil mellom gifte og ugifte kvinner.

Adelege skil seg ut frå andre folk mellom anna gjennom titlar, som «grev» eller tidlegare «jomfru». Ein person med ei særskild utdanning kan ha ein tittel som viser dette, til dømes magister, sivilingeniør, eller Dr. Andre akademiske titlar, som til dømes «professor», får ein på grunn av meriterande arbeid.

Titlar er vanlege innan religiøse samfunn, til dømes Father eller Reverend om kristne prestar på engelsk, swami om ein leiar i hinduismen, eller hadji, om ein person som har utført hadj i islam.

Innan lokalsamfunn og familiar kan ein bruka titlar som viser til slektskap, til dømes mor, onkel, son eller søster.

Spire Denne språkartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.