Jomfru eller møy er ord som opphavleg tyder 'ung kvinne', og kunne brukast til tiltale eller omtale av ulike kvinner. Orda har også lenge hatt tydinga 'nokon som ikkje har hatt samleie'.

A Virgin (1892-1893), Abbott Handerson Thayer.
The Temptation of Sir Percival (1894), Arthur Hacker. Sogeriddaren Parsifal blir ofte framstilt som jomfrueleg.

Ordsoge endre

Orda møy og jomfru blei brukt i nordiske språk før 1300. Møy kjem frå norrønt mær (akk. mey), og finst i engelsk som maid og tysk som magd. Ordet har mannleg motsvar i svein, som tyder ung eller urørt mann, og er etymologisk i slekt med måg. Ordet jomfru kom inn som jungfrú og jumfrú frå mellomlågtysk junkvruwe. Junker og jungmann er mannlege motsvar.

I nyare tid har jomfru gått over til å visa til ulike «urørte», først og fremst kvinner og menn som ikkje har seksuell erfaring, men også om ting som i omgrepa «jomfrutur» (første reisa til eit fartøy) eller urørte naturområde, som «jomfrueleg mark».

Det greske ordet for jomfru er parthenos og det latinske er virgo. Sjå og annan bruk av ordet jomfru.

Jomfru som tittel endre

I norrøn tid nytta ein møy om ugifte ungjenter. Ordet finst i omgrep som festarmøy, ei trulova kvinne. Jomfru kunne nyttast om ei urørt kvinne som jomfru Maria, og om ugifte adelskvinner. Seinare, frå Kristian V si tid, blei «jomfru» brukt som tiltaleord for unge borgarlege jenter. Desse blei seinare kalla «frøken», og frå 1800-talet brukte ein «jomfru» om hushjelpar, butikkdamer og serveringsdamer. Det gjekk inn i samansettingar som «husjomfru» og «koldjomfru». I dag bruker ein sjeldan jomfru som tiltaleord i daglegtalen. Nemninga blir likevel brukt om jomfruelege helgenar, saligkåra og nonner innan den katolske og den ortodokse kyrkja.

Jomfru som uerfaren endre

For meir om dette emnet, sjå jomfrudom.
 
Deltakarar på den swazilandske seremonien umhlanga. Duskane og knivane dei ber symboliserer jomfrudom.

Jomfrudom har vore viktig i fleire kulturar. Overgangen frå å vera jomfru til å ha seksuell erfaring blir gjerne rekna som ei viktig livsrite. Innan visse samfunn og samfunnslag kan ein ha som ideal at denne overgangen skal finna stad i samband med giftarmål. Det kan reknast som skammeleg å ha hatt sex før ekteskapet. Av andre kan det derimot reknast som skammeleg å nå ein viss alder utan å ha fått seksuell erfaring og bli såkalla «gammal jomfru».

Religionar legg ofte vekt på seksuelt måtehald, som å vera fråhalden utanfor ekteskapet, og krev eller føretrekk dermed at ein eller begge partar skal vera jomfru ved vigselen. Reglar om jomfrudom kan ha kulturell heller enn religiøs bakgrunn.

Innan kristen tradisjon har ein ofte omtalt unge kvinner, både helgenar og vanlegare folk, som jomfruer om ein rekna dei som gudfryktige og ærbare. Det finst også døme på at ein har kalla seksuelt fråhaldne menn dette. I moderne tid har meir eller mindre offentlege lovnader om å vera jomfru til ein gifter seg blitt viktige i nokre kristne kretsar, til dømes gjennom «reinleiksring»-ordningar.

For å finna ut om nokon er jomfru eller ikkje, finst det ulike måtar å halda såkalla jomfruprøvar, som regel retta mot kvinner. Typiske testar er sjekking av «jomfruhinna» eller framvising av laken med blodflekkar, ettersom nokre kvinner blør ved sitt første samleie. Ein har også brukt magi og urinprøvar til dette føremålet. Å ikkje bestå jomfruprøven kan ha store konsekvensar, og mange finn måtar til å bestå han på, til dømes ved å få laga ei ny «jomfruhinne». Ein annan måte å sikra seg at kvinner er jomfruer er kjønnslemlesting av jenter som vil gjera det vanskeleg eller umogleg å ha samleie.

Ei anna tilnærming kan vera å ha svært ung giftealder for eitt eller begge kjønn. Om giftarmålet finn stad nær puberteten, vil det vera liten sjanse for at ein allereie vil ha hatt samleie. Ein kan også definera jomfrudom på ulike måtar. Til dømes kan ein rekna det som «teknisk jomfrudom» når ein har hatt andre typar seksuell erfaring enn samleie.

Jomfruer i kultur og religion endre

 
Virgo inter Virgines, 'Jomfrua blant jomfruer' måla sist på 1400-talet av ein flamsk målar.

Jomfruer kan spela viktige roller innan religion, samfunn og folketru. Det finst døme på ordenar eller presteskap der ein deltakar skal eller skulle vera jomfrueleg, til dømes dei romerske vestalinnene, japanske mikoar, eller kristne munke- og nonneordenar. I historiske, kvinneundertrykte samfunn har kvinner no og då brukt jomfrudommen sin som ein måte å oppnå makt på. Jeanne d'Arc framstilte seg som ei signa jomfru for å få leia den franske hæren. Elisabet I av England gjorde også mykje ut av rolla si som jomfrudronning for å kunna regjera utan å gifta seg med nokon. Den amerikanske delstaten Virginia blei kalla opp etter The Virgin Queen, 'Jomfrudronninga'.

Fleire guddommar blir framstilte som jomfruer, som den semittiske krigsgudinna Anat, dei greske gudinnene Atene, Artemis, Hekate og Sofia, romerske Bona Dea, Hestia, Minerva og Vesta. Innan hinduismen finst det både jomfruelege gudinner, som Kanyakumari devi, og gudar, som Ajjappan. Stjernebildet Jomfrua er knytt til ulike guddommar, ikkje nødvendigvis jomfruer, men gjerne knytt til grøde.

Ein mirakuløs jomfrufødsel kan vera teiknet på eit guddommeleg liv, som i samband med Jesus fødd av Jomfru Maria i kristendommen og islam. I hindumytologi fekk Kunti tilbake jomfrudommen etter å ha unnfanga sonen Karna med solguden.

Andre former for overnaturlege evner knytt til jomfruer kan vera tru på at dei har ei særskild legande kraft, som at det å bli rørt av ei jomfru eller å ha sex med ei kan verka legande. Det er også knytt ulike former for overtru til jomfrugraver, som at dei gjev god gjødsel eller at ein stein derfrå kan lega hoggormbitt.

Annan bruk av ordet jomfru endre

Ordet jomfru på ulike språk blir brukt i namn i fleire samanhengar.

I naturen

  • Jomfrumariabær er eit namn på Vaccinium myrtillus f. epruinosum som elles blir kalla svart blåbær, kjelebær, kjerringbær og ramnebær.
  • Naken jomfru (Colchicum autumnale ) er ein blome som også blir kalla tidløyse eller haustkrokus.
  • Jomfrua i det grøne (Nigella damascena) er ein blome i soleiefamilien.
  • Jomfrutrane (Anthropoides virgo) er ein grå, kvit og svart traneart

Geografi

Diverse

  • Jomfru kan vera ein stampereiskap til bruk f.eks. ved legging av brustein
  • I sjøfart er jomfru ein trekloss til tau for stramming av bardunar på seilskip
  • Jernjomfru er ei kiste med piggar på innsida nytta til tortur i mellomalderen
  • Scottish maiden eller berre maiden var eit avrettingsinstrument, ein forløpar for giljotin
  • gammel jomfru er namnet på eit kortspel
  • Virginal er namnet på eit tangentinstrument

Kjelder endre

  • Fortenbury, Jon (29. april 2010), «Abstinence makes the heart grow fonder», Reno News & Review 
  • Kaminju, Antony (22 May 2007), «South Africa's virginity testing», BBC News 
  • Knowles, Elizabeth, red. (2006), «virgin», A Dictionary of Phrase and Fable (Oxford University Press) 
  • Maguire, Laurie (2001), Colin Blakemore; Sheila Jennett, red., «virginity tests», The Oxford Companion to the Body (Oxford University Press) 
  • Simpson, Jacqueline; Roud, Steve (2000), «Maidens' Garlands»,  A Dictionary of English Folklore (Oxford University Press) 
  • Opie, Iona; Moira Tatem, red. (1996), «VIRGIN'S GRAVE, VIRGIN heals», A Dictionary of Superstitions (Oxford University Press) 
  • «jomfru» i Nynorskordboka.
  • «møy» i Nynorskordboka.
  • Jomfru og i Ordbog over det danske sprog

Bakgrunnsstoff endre