Tjøtta kyrkje
Tjøtta kyrkje er ei kyrkje bygd ved garden Tjøtta, senteret for Tjøttagodset, på øya Tjøtta i Alstahaug kommune. Kyrkja høyrer til Tjøtta sokn i Nord-Helgeland prosti.
Tjøtta kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Sør-Hålogaland | ||
Prosti | Nord-Helgeland | ||
Sokn | Tjøtta | ||
Fellesråd | Alstahaug | ||
Stad | Tjøtta | ||
Arkitekt | Christian Heinrich Grosch | ||
Teknikk | mur | ||
Material | stein | ||
Innvigd | 1851 | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Tjøtta kyrkje 65°49′38″N 12°25′25″E / 65.8271°N 12.4235°E | |||
Wikimedia Commons: Tjøtta kirke |
Den opphavlege kyrkja vart truleg bygd før år 1000, sidan den regjerande vikingehøvdingen Hårek frå Tjøtta let seg døype i ei lokal kyrkje i år 999. Kyrkja var då ei privat kyrkje for Tjøttagodset, og hadde gravkammer for eigarane. Den andre kyrkja, «mellomalderkyrkja», var òg i stein, men brann i 1811 og 1843 og vart då riven.
Den noverande utgåva vart oppført i 1851 etter teikningar av arkitekt Christian Heinrich Grosch og er i naturstein, utforma som ei langkyrkje med plass til 310. Stein frå kyrkja som brann vart nytta i nybygget.[1] Ho er utstyrt med sakristi og inngang som utbygg, eit tårn som delvis spring ut frå eine kortveggen og vindauge med spisse bogar.
Ved bygginga i 1851 vart det funne store lag av rundtømmer under kyrkja. Dette kan vere spor av ei tidlegare trekyrkje eller moglegvis byggverk i tilknyting til eit hòv.
Ei byste av Øyvind Skaldespiller er sett opp ved kyrkja.
Fotnotar
endre- ↑ I. Hage 2001
Kjelder
endre- Tjøtta kirke i Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
- Ingebjørg Hage: Grosch-kirker i Nord-Norge. i Årbok 2001 Fortidsminneforeningen
Bakgrunnsstoff
endre- Arnt O. Åsvang (2000). Tjøtta kirke og kirkested. Åsvang småbokforlag. ISBN 82-90310-46-3.
- «Tjøtta kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Tjøtta kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren