Tjuveri

(Omdirigert frå Tjuv)

Tjuveri, steling eller nasking vil seia å ta andre sine eigedelar i løynd og utan løyve. I norsk straffelov er det definert som å ta bort ein gjenstand som heilt eller delvis tilhøyrer ein annan, med forsett om å skaffa seg eller andre ei uberettiga vinning ved tileigninga.[1]

To gutar stel støvlar. Illustrasjon frå Street Arabs and Gutter Snipes (1884) av George Carter Needham.

I norsk juss straffar ein «lite tjuveri»,[2] tidlegare kalla naskeri, med bøter. Dette er ei form for tjuveri der dei stolne gjenstandane har liten verdi (i praksis gjerne under 5 000 kroner) og omstenda rundt gjer at straffeskulda er liten. Elles er straffa for tjuveri fengsel i inntil to år («simpelt tjuveri»), eller inntil seks år for grovt tjuveri. Når ein skal avgjera om tjuveriet er grovt, skal ein særleg leggja vekt på om tjuveriet er utøvd frå privat bustad eller frå ein person på offentleg stad, om gjerningsmannen har vore forsynt med våpen eller liknande, om tjuveriet gjeld ein betydeleg verdi (i praksis over 100 000 kroner) eller om gjerninga av andre grunnar er av særskild farleg eller samfunnsskadeleg art.[3]

Kjelder endre

  1. Straffeloven § 321
  2. Straffeloven § 323
  3. Straffeloven § 322