Tjuvenborgen (690 moh.) er eit fjell i Strømsoddbygda, på sørsida av Høgfjell i Ådalsfjella, litt sør for Hestebrenna, i Ringerike kommune. I dette området har òg Den Norske Turistforeininga ei hytte, Tjuenborgkoia. Ho ligg like under Hestebrenna.

Tjuvenborgen
fjell
Land  Noreg
Område Ringerike (Buskerud)
Fjellområde Ådalsfjella
Høgd 690 moh.
Kart
Tjuvenborgen
60°19′49″N 9°58′41″E / 60.33030556°N 9.97808333°E / 60.33030556; 9.97808333

Tjuvenborgen kan vere ei gammal bygdeborg. Segna seier ho var besett av lokale røvarar ein gong i tida. Ho er bratt og utilnærmeleg der ho ligg som ei «vorte» i terrenget. Utsikta er ikkje like god som frå Hestebrenna. I samband med Tjuvenborgen ligg òg den såkalla «Røverhula», ein stad der ein trudde røvarar heldt til i riktig gamle dagar. Frå Røverhila er det god utsikt, og det er stupbratt (loddrett) på yttersida.

Sjå òg endre