Tjuvholmen i Hamar
Tjuvholmen er eit avgrensa landområde i Hamar som stikk ut i Mjøsa som ei slags halvøy, og for ein stor del nytta til hamn og vinteropplag for fritidsbåtar for Hamar båtforening og Hamar seilforening, marina (småbåthamn) med serveringsstad, friområde med grusbane, og strand for bading. På sørsida er det strandvegetasjon med gamle furutre, osp og piletre, og på indre og nordre område spisslønn, lind og prydbuskar. Noko av området på austsida av Tjuvholmen inngår i Åkersvika naturreservat.