Tnuvot
Tnuvot (hebraisk skrift תְּנוּבוֹת, tyder Grøda) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta mellom Netanya og Tulkarm og høyrer til Lev HaSharon regionale kommune. I desember 2008 hadde han 744 innbyggjarar.
Tnuvot | |||
תְּנוּבוֹת | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Sharonsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Lev HaSharon | ||
Koordinatar | 32°18′19.8″N 34°57′45.71″E / 32.305500°N 34.9626972°E | ||
Areal | 2,5 km² | ||
Folketal | 829 (2015) | ||
Grunnlagd | 1952 | ||
Tnuvot 32°18′20″N 34°57′46″E / 32.3055°N 34.962697222222°E | |||
Kart som viser Tnuvot.
| |||
Wikimedia Commons: Tnuvot |
Landsbyen vart grunnlagd i 1952 av jødiske immigrantar frå Jemen.
Namnet på landsbyen er symbolsk for jordbruksgrunnlaget sitt og vart henta frå bibelverset: «Han lét han ri fram over høgdene i landet og lét han eta av grøda på åkeren, suga honning frå berget og olje frå steinharde fjellet» (Femte mosebok 32,13).
I landsbyområdet ligg det ein stad frå antikken med mosaikk frå bysantinsk tid, kalla «Tel Shevah».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tnuvot» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: