Opna hovudmenyen
«To Ramona»
song av Bob Dylan
frå albumet Another Side of Bob Dylan
Utgjeve 1964
Sjanger Folk
Lengd 3:52
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson

«To Ramona» er ein song skriven av Bob Dylan for det fjerde soloalbumet hans, Another Side of Bob Dylan frå 1964. Melodien er teken frå tradisjonell mexicansk folkemusikk. «To Ramona» er òg eit nikk til Rex Griffin-songen «The Last Letter» frå 1937. Songen er ein av mange på albumet som handlar meir om det personlege og mindre om det politiske, ei side ved Dylan som skulle kome meir til syne seinare. Songen har òg mange hentydingar til visesongaren Joan Baez.[1] Songen vart innspelt på eitt forsøk i Columbia Recording Studios den 9. juni 1964.

Ei utgåve av songen vart spelt inn av The Flying Burrito Brothers på albumet deira med same namn i 1971.

Norsk versjonEndra

Jan Erik Vold skreiv ein norsk tekst til songen, kalla «Til Ramona». Denne vart framført av Jan Erik Vold, Kåre Virud og Telemark Blueslag i 1981.

KjelderEndra

  1. Power, Tom. «Single Songs: Bob Dylan's 'To Ramona'». CBC Music. Henta 4. november 2018.