Jan Erik Vold

norsk poet

Jan Erik Vold (fødd 18. oktober 1939 i Oslo) er ein norsk forfattar og statsstipendiat frå 1992. Han bur no i Stockholm og er gift med svenske Christina Hellmann.

Jan Erik Vold

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. oktober 1939 (84 år)
Oslo
Yrke lyrikar, omsetjar, skribent, musikar, biograf
Far Ragnar Vold
Jan Erik Vold på Commons

Jan Erik Vold var eit sentralt medlem i Profil-krinsen og han har vore ein av dei mest innflytelserike lyrikarane i sin generasjon. Om ein ikkje skulle ha fått med seg noko anna av norsk lyrikk på 1960 og –70-talet kjenner ein ofte til Jan Erik Vold og dikt som «Kulturuke».

I tillegg til å skrive lyrikk har han også skrive mykje om lyrikk og lyrikarar, til dømes bøker om Olav H. Hauge, Gunvor Hofmo og Ernst Orvil. Han har gjort eit stort arbeid i å få andre lyrikarar fram i lyset. Han har gjendikta lyrikk til norsk, mellom anna Bob Dylan, Frank O’Hara og William Carlos Williams. Jan Erik Vold har framført dikt til jazzmusikk av framifrå jazzmusikarar som Chet Baker og Jan Garbarek, og han har vore ein aktiv kulturdebattant og Oslo-patriot. Særleg Bislett Stadion og Oslo-trikken har han snakka og skrive seg varm om.

Den første diktsamlinga hans, «mellom speil og speil», kom i 1965 og han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for henne.

Prisar og utmerkingar endre

Verk endre

Diktsamlingar endre

  • 1965 mellom speil og speil (Gyldendal, Oslo)
  • 1966 HEKT (Gyldendal, Oslo)
  • 1966 blikket (Kommet forlag, Oslo)
  • 1967 Svingstang (eige opptrykk)
  • 1968 Mor Godhjertas glade versjon : ja (Gyldendal, Oslo)
  • 1969 Bo på Briskeby blues (Gyldendal, Oslo)
  • 1969 Kykelipi (Gyldendal, Oslo)
  • 1970 Spor, snø (Gyldendal, Oslo)
  • 1970 Bok 8: Liv (Gyldendal, Oslo)
  • 1978 S (Gyldendal, Oslo)
  • 1979 Sirkel, sirkel : boken om prins Adrians reise (Gyldendal, Oslo)
  • 1987 Sorgen. Sangen. Veien (Gyldendal, Oslo)
  • 1988 En som het Abel Ek (Gyldendal, Oslo)
  • 1989 Elg (Gyldendal, Oslo)
  • 1993 IKKE : skillingstrykk fra nittitallet (Gyldendal, Oslo)
  • 1993 En sirkel is (Gyldendal, Oslo)
  • 1995 Kalenderdikt (Gyldendal, Oslo)
  • 1997 Ikkje (IKKE omsett til nynorsk av Vold, illustrert av Steffen Kverneland) (Samlaget, Oslo)
  • 2000 I vektens tegn : 777 dikt, antologi
  • 2002 Tolv meditasjoner (Gyldendal, Oslo)
  • 2003 Diktet minner om verden (Kommet Forlag, Oslo)
  • 2004 Drømmemakeren sa (Gyldendal, Oslo)
  • 2011 Den store hvite flokk å se (Gyldendal, Oslo)

Kortprosa, essay endre

  • 1967 Fra rom til rom : sad & crazy (Gyldendal, Oslo)
  • 1976 Entusiastiske essays : klippbok 1960-75 (Gyldendal, Oslo)
  • 1976 BusteR BrenneR (Gyldendal, Oslo)
  • 1980 Jan Erik Volds samlede kortprosa (Gyldendal, Oslo)
  • 1984 Her. Her i denne verden : essays og samtaler (Gyldendal, Oslo)
  • 1990 Poetisk praksis 1975-1990 (Gyldendal, Oslo)
  • 1999 Tydelig, 33 : essays 1965-1998 (Gyldendal, Oslo)
  • 2005 God jul med Gertrude Stein og andre essays (Gyldendal, Oslo)

Dramatikk endre

  • 1983 Prins Adrians reise : et hørespill for åtte stemmer, for NRK Radioteatret
  • 1986 Noe om noe : et fore-drag for radio, for NRK Radioteatret

Plater endre

Gjendiktingar endre

Sakprosa, forfattarbiografiar endre

  • 1962 Johan Borgen : 1902 – 1962, medforfattar (Det norske Studentersamfund, Oslo)
  • 1964 Tarjei Vesaas : et skrift lagt fram på Kulturutvalgets Tarjei Vesaas-aften i Universitetets aula 14. mars 1964 (Det norske Studentersamfund, Oslo)
  • 1975 Jazz i Norge, redaktør saman med Olav Angell og Einar Økland (Gyldendal, Oslo)
  • 1978 Ernst Orvil : en bok til 80-årsdagen 12.april 1978, redigert saman men Johan Fredrik Grøgaard og Kjell Heggelund (Gyldendal, Oslo)
  • 1980 Det norske syndromet : et kritisk syn på norsk lyrikk (Universitetsforlaget, Oslo)
  • 1986 Per Kleiva, redigert saman med Ulf Renberg og Harald Flor (Labyrinth Press, Oslo)
  • 1994 Under Hauges ord : essays, samtaler, brev, dikt, fotos (Samlaget, Oslo)
  • 2000 Mørkets sangerske : en bok om Gunvor Hofmo (Gyldendal, Oslo)
  • 2001 Uten manus : dokumentarisk 1980-2000 (Gyldendal, Oslo)
  • 2007 Ruth Maier: en jødisk flyktning i Norge (Gyldendal, Oslo)

Antologiar over andre forfattarskap endre