Tobias Stokkeland

Tobias Stokkeland (fødd i 1999) er ein norsk politikar som sidan 2023 har vore leiar i Grøn Ungdom. Frå 2021 til 2023 var han nasjonal talsperson i organisasjonen; han delte då leiarskapen fyrst med Ulrikke Torgersen,[1] og dinest Margit Martinsen.[2]

Tobias Stokkeland

Fødd1999 (25 år)
Statsborgar avNoreg
PartiMiljøpartiet Dei Grøne
Yrkepolitikar

Stokkeland vaks opp i Kristiansand. Han har studert samanliknande politikk i Bergen.[1] Før studia i Bergen gjekk han to år på United World Colleges i Eswatini.[3] Han vekkja åtgaum under Arendalsuka i 2022, då han drog fram ein joint under ein direktesend debatt.[4] I 2024 fortalde Stokkeland om ein overdose han hadde fått under eit ferieopphald i Sør-Afrika; hendinga fann stad i 2018.[5]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 NTB (27. november 2021), «Ny ledelse i Grønn Ungdom», fvn.no (på norsk bokmål), henta 8. september 2024 
  2. NTB (20. november 2022), «Ny ledelse i Grønn Ungdom», adressa.no (på norsk bokmål), henta 8. september 2024 
  3. «Presentasjon på Grønn Ungdoms nettsider». Arkivert frå originalen 23. august 2022. Henta 23. august 2022. 
  4. «MDG-lederen om joint-stuntet: – Forstår at han gjorde det». Nettavisen (på norsk). 28. august 2022. Henta 7. august 2023. 
  5. Medby, Marius (4. mai 2024), «Grønn Ungdom-leder til NRK: – Jeg tok en overdose», VG (på norsk), henta 8. september 2024