Tofrøbladingar

(Omdirigert frå Tofrøblada plantar)

Tofrøbladingar eller tofrøblada plantar er ein tidlegare botanisk klasse kjenneteikna av at planten utviklar seg med to frøblad og ei kimrot som sidan utviklar seg til ei hovudrot.

Tofrøblada planter
Ung oljeplante (Ricinus communis) med karakteristiske frøblad som ikkje liknar blada til den eldre planten.
Ung oljeplante (Ricinus communis) med karakteristiske frøblad som ikkje liknar blada til den eldre planten.
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Anthophyta
Underrekkje: Angiospermae
Klasse: Tofrøblada planter Dicotyledones

Før delte ein dekkfrøplantar inn i tofrøblad- og einfrøbladingar. Forsking på arvestoffet i plantane viser at dette ikkje er to naturlege grupper. Mange av plantane i gruppa er i moderne systematikk systematisert i gruppa ekte tofrøbladingar (Eudicotyledoneae).

Kjelder

endre

«tofrøbladete» (15. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no. Henta 15. februar 2014.