Einfrøblada plantar

(Omdirigert frå Einfrøbladingar)
Einfrøblada planter
Wheat close-up.JPG
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Klade: Einfrøblada planter monocots

Einfrøblada plantar eller einfrøbladingar er ei biologisk rekkje dekkfrøplantar som har som kjenneteikn at når frøet gror utviklar planten berre eitt frøblad. Kimrota døyr tidleg, og det veks fram eit knippe av birøter i staden.

Fleirårige artar i rekkja har jordstengel (rhizom), knoll eller lauk. Karstrengane ligg spreidde i grunnvevet, ikkje i ein ring som hjå tofrøblada plantar, og plantane har ikkje sekundær tjukkelsetilvekst, ettersom det ikkje blir danna kambium (sekundært vekstvev) verken i rot eller stengel.

Klassen er delt inn i rundt 50 familiar med ca. 55 000 artar, og utgjer rundt 25 % av dei dekkfrøa plantane. Blant dei enfrøblada finst til dømes fleire vassplantar, palmar, liljer, orkidear, gras, starr, siv og andre grasliknande plantar. Orkidefamilien og grasfamilien er blant dei mest artsrike plantefamiliane i denne rekkje. Bortsett frå palmane finn ein få tre her.

KjelderEndra