Tofrøbladingar
(Omdirigert frå Tofrøblada plante)
Tofrøbladingar eller tofrøblada plantar er ein tidlegare botanisk klasse kjenneteikna av at planten utviklar seg med to frøblad og ei kimrot som sidan utviklar seg til ei hovudrot.
Tofrøblada planter | |
Ung oljeplante (Ricinus communis) med karakteristiske frøblad som ikkje liknar blada til den eldre planten. | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Anthophyta |
Underrekkje: | Angiospermae |
Klasse: | Tofrøblada planter Dicotyledones |
Før delte ein dekkfrøplantar inn i tofrø- og einfrøbladingar. Forsking på arvestoffet i plantane viser at dette ikkje er to naturlege grupper. Mange av plantane i gruppa er i moderne systematikk systematisert i gruppa ekte tofrøbladingar (Eudicotyledoneae).
Kjelder
endre- «tofrøbladete» (15. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no. Henta 15. februar 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Dicotyledon» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2014.