Togulukka på Midtun

Togulukka på Midtun fann stad 24. mai 1960 på Midtun haldeplassMidtun i Fana kommune, no Fana bydel i Bergen kommune.[1] På sidesporet på haldeplassen stod ein kran som løfta ein gravemaskin av ei godsvogn, medan ein annan kran skulle løfte grabben.[1] Gravemaskinen sin grabb roterte og vart hengande over hovudsporet.[1] Samstundes kom tog nummer 611 av typen NSB El 11.2091 frå Voss inn på haldeplassen og heldt ein snøggleik på om lag 60 til 70 kilometer i timen.[1][2][3] Toget klarte ikkje å stoppe, trass i signal frå arbeidarane og bremsing.[1] Då toget nådde haldeplassen trefte det grabben, og heile gravemaskinen fall ut i sporet framfor toget.[1] Både lokomotivet og godsvogna bak spora av og velta.[1] Dei om lag 100 passasjerane og to av togbetjentane kom frå ulukka utan skadar, medan lokomotivføraren Anders Ødegård døydde på veg til Haukeland sjukehus.[1] Rundt 1980-talet gjekk lokomotivet i traffikk att, denne gongen på Gjøvikbanen, og fronten på lokomotivet som ikkje vart treft av gravemaskinen heng i dag på veggen til Norsk Modelljernbane i Oslo.[1][3]

Togulukka på Midtun
Dato 24. mai 1960
Ulukkesstad Midtun haldeplassMidtun i Fana kommune, no Fana bydel i Bergen
Passasjerar Om lag 100
Mannskap 3
Omkomne 1
Operatør NSB

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 «Togulykken på Midttun 24. mai 1960». Bergen Sporvei. Henta 17. januar 2015. 
  2. «NSB El 11.2091». Jernbanen.dk. Henta 17. januar 2015. 
  3. 3,0 3,1 «Hold fingrene unna Gamle Vossebanen!!». Samfunnsmagasinet. Henta 17. januar 2015.