Tohokuregionen
Tohokuregionen (東北地方 Tōhoku-chihō) er ein tradisjonell japansk region som ligg nordaust på Honshu, den største av dei øyane som utgjer Japan. Regionen omfattar seks prefektur: Akita, Aomori, Fukushima, Iwate, Miyagi og Yamagata. Den største byen her er Sendai.
Urfolket emishi heldt til i dette området og gjorde motstand mot det japanske keisardømet frå 600- til 900-talet, då dei blei erobra.
Tohoku har lenge vore eit viktig jordbruksområde, og står for rundt 20 % av den japanske rishausten, sjølv om klimaet gjer at ein berre kan haust ei avling om året. Ris herfrå har gått til viktige område som Tokyo og Yokohama. I 1960-åra byrja ein utvikla jern-, stål-, sement-, papir-, petroleums- og kjemisk industri i området. Regionen har også mykje turisme.
Det kraftige jordskjelvet i mars 2011 fann stad like utanfor Tohokuregionen, og førte saman med den påfølgjande tsunamien til enorme skader.
KjelderEndra
- Denne artikkelen inneheld stoff frå «Tōhoku region» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2011.