Tok pisin er eit kreolspråk som blir snakka på det nordlege fastlandet av Papua Ny-Guinea. Språket er det mest brukte i landet; det blir snakka av omtrent 4 millionar, 120 000 av dei har det som morsmål. Det har offisiell status i Papua Ny-Guinea. På engelsk blir språket ofte kalla New Guineas Pidgin eller Tok Boi, eller i akademiske kretsar, Melanesian Pidgin English eller Neo-Melanesian.

Tok pisin
Tok Pisin
Klassifisering Kreolspråk

 Engelsk kreolsk

Bruk
Tala i Papua Ny-Guinea
Tok pisintalande i alt 3-4 millionar (120 000 som morsmål)
Normert av Ingen offisiell normering
Språkkodar
ISO 639-3 tpi
Wikipedia på tok pisin

Opphav

endre

Tok pisin oppstod på grunn av handelen i Stillehavsområdet. I tidsrommet 1880-1914 jobba mange frå Papua Ny-Guinea på tyske plantasjar på Samoa. Tok pisin oppstod som eit arbeidsspråk, slik at den multispråklege og multikulturelle arbeidsplassen kunne fungere, og folka der kommunisere med kvarandre.

Døme på tok pisin

endre

Ordliste

endre
  • Gude - hei, hallo
  • Moning - god morgon
  • Apinun - god ettermiddag
  • Yu stap gut? - korleis har du det?
  • Mi stap gut - eg har det bra
  • Sori - unnskyld meg
  • Tenkyu - takk
  • Lukim yu - hade

Tekst

endre

Her er Fader vår på tok pisin:

Papa bilong mipela
Yu stap long heven.
Nem bilong yu i mas i stap holi.
Kingdom bilong yu i mas i kam.
Strongim mipela long bihainim laik bilong yu long graun,
olsem ol i bihainim long heven.
Givim mipela kaikai inap long tude.
Pogivim rong bilong mipela,
olsem mipela i pogivim ol arapela i mekim rong long mipela.
Sambai long mipela long taim bilong traim.
Na rausim olgeta samting nogut long mipela.
Kingdom na strong na glori, em i bilong yu tasol oltaim oltaim.
Tru.
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.