Tokelau er ei øygruppe i Stillehavet, som vert administrert av New Zealand. Øygruppa består av tre atoll, om lag midtvegs mellom New Zealand og Hawaii. Arealet er 12 km² og øyane har 1392 ibuarar (2006). Dei tre øyane heiter Atafu, Fakaofo og Nukunonu. Alle tre øyane er busette av polynesiarar.

Tokelau
Newzealandsk ikkje sjølvstyrt territorium
Flagg
Symbol
Land  New Zealand
Hovudstad ingen
Areal 10 km²
Folketal 1 499  (2016)[1]
Folketettleik 116 / km²
Protektorat skipa Juni 1889
 - Britisk koloni 29. februar 1916
 - Overført til New Zealand 11. februar 1926
 - Newzealandsk suverenitet 1. januar 1949
Offisielle språk Tokelauisk, engelsk[2]
Retningsnummer +690
Internettdomene .tk
Kart
Tokelau
9°10′00″S 171°50′00″W / 9.1666666666667°S 171.83333333333°W / -9.1666666666667; -171.83333333333
Wikimedia Commons: Tokelau
Kart over Tokelau

Øyane vart britisk protektorat i 1889. I 1916 vart dei del av den britiske kolonien Gilbert- og Elliceøyane (no dei sjølvstendige statane Kiribati og Tuvalu), men i 1926 vart dei overførte til New Zealand. Det foregår for tida ein prosess for å vedta ei grunnlov som vil gjera øyane til ein sjølvstyrt stat i fri assosiasjon med New Zealand, slik Niue og Cookøyane er. Ei folkerøysting om dette i februar 2006 oppnådde ikkje det naudsynte to tredjedelars fleirtal. Ei ny folkerøysting er planlagd for november 2007. Inntil vidare står Tokelau på SN si liste over ikkje-sjølvstyrte territorium som ikkje har blitt avkoloniserte.

Tokelau har blitt tildelt domenenamnet .tk på internet. Øyane prøver å tena pengar på å selja internett-adresser med dette domenenamnet.

Kjelder endre

  1. Final population counts: 2016 Tokelau Census (PDF), Statistics New Zealand, November 2016, s. 3 
  2. «Tokelau Info». Tokelau-info.tk. Arkivert frå originalen 26. oktober 2013. Henta 30. desember 2011.