Cookøyane er ei øygruppe i Stillehavet som utgjer ein sjølvstyrt stat i fri assosiasjon med New Zealand. Øygruppa omfattar 15 øyar. Arealet er 240 km² og folketalet 18 700 (2006).

Cook Islands
Kūki 'Āirani  
Cookøyane sitt flagg
Cookøyane sitt flagg
Flagg
Cookøyane på verdskartet
Cookøyane på verdskartet
Status Sjølvstyrt stat i fri assosiasjon med New Zealand
Statsminister Jim Marurai
Hovudstad Avarua
Offisielt språk Cookøy-maori, engelsk
Areal

- % vatn

236 km²

ubetydeleg

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 18 700 (2006)
ca. 79,2/km²

Verdsdel Oseania
Internet-domene .ck
Tidssone UTC -10
Internasjonal telefonkode +682
Nasjonalsong Te Atua Mou E

Cookøyane vart først folkesett av polynesiske folk. Dei første nedskrivne vitnesbyrda om øyane kjem frå eit spansk skip frå 1595. Spanjolar gjekk i land på øya Rakahanga i 1606. Den britiske sjøfararen James Cook kom til øyane i 1773 og 1779. Han gav dei namnet Herveyøyane. Namnet Cookøyane er først kjent frå eit russisk kart frå 1880-åra.

Cookøyane vart eit britisk protektorat i 1888. Dei vart overførte til New Zealand i 1901. Dei var eit newzealandsk protektorat til 1965 då dei fekk sjølvstyre i fri assosiasjon med New Zealand.

Statusen som fri assosiert stat inneber at øyane har fullt sjølvstyre i interne saker. New Zealand har noko av ansvaret for internasjonale tilhøve og forsvar, i samråd med Cookøyane. Dronninga av New Zealand, som er den same som dronninga av Storbritannia, er statsoverhovud og er representert på øyane av sin Queen's Representative. Øyane er eit parlamentarisk demokrati og regjeringa vert leia av ein statsminister.