Tollbua i Moss ligg ved kanalen i byen med front mot Jeløya på andre sida. Bygninga er i raud tegl som er pussa og måla og sto ferdig i 1859. Arkitektar var Heinrich Ernst Schirmer og kompanjongen Wilhelm von Hanno, som var i Moss på denne tida i samband med arbeidet på Moss kyrkje.[1]

Tollbua i Moss sett frå kanalbrua.
Foto: Erlend Bjørtvedt
«Bastø II» passerer ope kanalbru sumaren 1902, bak kan ein sjå tollbua.

Bygninga vart freda i 2013.[2]

Entra eig tollbua og i bygninga held Peppes Pizza til.[2]

Kjelder endre

  1. Geir Tandberg Steigan (2003). «Moss tollbod, Jeløgaten 2». Arc!. Henta 11. juli 2015. 
  2. 2,0 2,1 Hermund Lybeck Kjernli (27. juni 2013). «De gamle tollbodene i Moss og Fredrikstad er blitt fredet av Riksantikvaren». NRK Østfold. Henta 11. juli 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tollbua i Moss

59°26′04″N 10°39′11″E / 59.43444°N 10.65306°E / 59.43444; 10.65306