Tom Morello
Thomas Baptiste «Tom» Morello (fødd 30. mai 1964) er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, skodespelar og politisk aktivist. Han er mest kjend som medlem av bandet Rage Against the Machine og sidan i Audioslave. I 2016 var Morello medlem i supergruppa Prophets of Rage. Morello har òg turnert med Bruce Springsteen and the E Street Band.[1] Som soloartist har han kalla seg The Nightwatchman og Street Sweeper Social Club, som er hovudsakleg akustisk. Morllo har i lag med Serj Tankian skipa den ideelle organisasjonen Axis of Justice, som har eit program ein gong i månaden på radiostasjonen Pacifica Radio i Los Angeles.
Tom Morello | |||
Tom Morello (2024) | |||
Fødd | 30. mai 1964 (60 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Harlem i New York | ||
Fødenamn | Thomas Baptiste Morello | ||
Alias | The Nightwatchman | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1979 til i dag | ||
Sjanger | |||
Instrument | gitar, vokal | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | SonyBMG, Epic, Interscope | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, skodespelar, politisk aktivist |
Morello vart fødd i Harlem i New York og voks opp i Libertyville i Illinois, og vart interessert i musikk og politikk medan han var på vidaregåande skule. Han gjekk på Harvard University og tok bachelor i samfunnsfag. Etter det førre bandet hans, Lock Up vart oppløyst, møtte Morello Zack de la Rocha og i lag skipa dei Rage Against the Machine. Gruppa vart ei av dei mest populære og innverknadsrike rockegruppene i 1990-åra.
Han er mest kjend for den unike og kreative gitarspelestilen, med bruk av feedbackstøy, utradisjonell pluking og tapping, i tillegg til kraftig bruk av gitareffektar. Morello er kjend for det venstrevridde politiske synet sitt og aktivisme. I sideprosjektet The Nightwatchman kunne ha la desse politiske syna kome fram, samstundes som han spelte i det apolitiske Audioslave. Han vart rangert som den 40. beste gitaristen gjennom tidene av Rolling Stone.[2]
Utvald diskografi
endreLock Up
Rage Against the Machine
- Rage Against the Machine - 1992 US 3x Platinum
- Evil Empire - 1996 US 3x Platinum
- Live & Rare - 1998
- The Battle of Los Angeles, - 1999 US 2x Platinum
- Renegades - 2000 US Platinum
- Live at the Grand Olympic Auditorium - 2003
Audioslave
- Audioslave - 2002 US 3x Platinum
- Out of Exile - 2005 US Platinum
- Revelations - 2006 US Gold
The Nightwatchman
- One Man Revolution - 2007
- The Fabled City - 2008
- Union Town - 2011
- World Wide Rebel Songs - 2011
Street Sweeper Social Club
- Street Sweeper Social Club - 2009
- The Ghetto Blaster EP - 2010
Bruce Springsteen
- Wrecking Ball - 2012
- High Hopes - 2014
Prophets of Rage
- The Party's Over EP - 2016
Filmar
endre- Saturday Night Live - Episode 21 i 1996 .... Musikalsk gjest - Rage Against the Machine
- Star Trek: Insurrection - 1998 .... son av offiser
- Star Trek: Voyager - Sesong 6, episode 20, 2000, «Good Shepherd» .... Crewman Mitchell
- Made - 2001 .... Best Man
- Berkeley - 2005 .... Blue
- Metal: A Headbanger's Journey - 2005 .... seg sjølv
- Iron Man - 2008 .... Insurgent #5
- Chevolution - 2008 .... seg sjølv
- Iron Maiden: Flight 666 - 2009 .... seg sjølv
- Bruce Springsteen's High Hopes - 2014 .... seg sjølv
- High Hopes In South Africa - 2014 .... seg sjølv
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tom Morello» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://ultimateclassicrock.com/tom-morello-interview-springsteen-high-hopes-2014/
- ↑ Browne, David; Doyle, Patrick; Fricke, David; Hermes, Will; Hiatt, Brian; Light, Alan; Tannenbaum, Rob; Wolk, Douglas (November 23, 2011). «100 Greatest Guitarists». Rolling Stone. Henta 9. juli 2017.[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre- Tom Morello ved The Internet Movie Database (IMDb)