Tom Thoresen

norsk politikar

Tom Thoresen (fødd 16. mai 1947) er ein norsk politikar frå Glemmen i Østfold. Han representerte Østfold fylke og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1977 til 2001. Thoresen var parlamentarisk leiar for Arbeiderpartiet frå hausten 1996 og ut 1997/97-sesjonen. Sidan 1. september 2002 har han vore direktør i Medietilsynet.

Tom Thoresen
Fødd16. mai 1947 (76 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Thoresen var lektor på ein vidaregåande skule i heimbyen. Han var medlem av bystyret i Fredrikstad i 16 år; 1972-87.

På Stortinget var Thoresen medlem av administrasjonskomiteen 1977-81, kyrkje- og undervisningskomiteen 1981-85, finanskomiteen 1985-92, utanrikskomiteen 1992-1993 og 1996-2001, samt nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen 1993-96.

Kjelder endre