Medietilsynet er ein statleg etat under Kulturdepartementet. Etaten vart oppretta 1. januar 2005 ved ei samanslåing av dei tidlegare etatane Eigarskapstilsynet, Statens filmtilsyn og Statens medieforvalting. Medietilsynet vart samlokalisert i Fredrikstad 20. mars 2006. Den første direktøren til etaten er Tom Thoresen.

Medietilsynet fører tilsyn med kringkasting (allmennkringkastingsvilkåra, reklame og sponsing og vern av barn og unge) og er konsesjons- og registreringsmynde for lokalkringkasting og anna type kringkasting. Etaten har tilsyn med marknads- og eigartilhøve i dagspresse og kringkasting, og handterer òg ulike tilskottsordningar. Medietilsynet set aldergrense på film som skal visast i næring med heimel i lov om film og videogram. I tillegg registrerer tilsynet videogram som skal omsetjast i næring. Medietilsynets Trygg bruk-prosjekt jobbar for trygg bruk av digitale medium for barn, og har ei nasjonalt koordinerande rolle. Medietilsynet Trygg bruk samarbeider med seks departement, og er del av eit større EU-prosjekt.

Medietilsynet står òg som medegar i Norsk Opplagskontroll, selskapet som har ansvar for kontroll av opplagstalet til avisene. Desse tala ligg til grunn ved fordeling av pressestøtta.

Tidlegare namn endre

Delar av Medietilsynets oppgåver sorterte tidlegare under Filmkontrollen til Staten frå 1913 til 1993, og deretter Statens Filmtilsyn i perioden 1993 til 2005. Statens medieforvaltning heitte inntil 1994 Nærkringkastingsnemnda.

Medieregisteret endre

Medieregisteret er eit register oppretta og halde ved like av Medietilsynet. Medieregisteret inneheld informasjon om eigartilhøva i norske medium, avgrensa til dagspresse, radio og TV. Registeret inneheld eigaropplysningar for til saman 1000 føretak, og inneheld òg opplysningar om eigarane til eigarane. Målet til registret er å bidra til større openhet og meir kunnskap om medieeigarane. Eigarar med ein eigardel på under fem prosent er vanlegvis ikkje tekne med i registret, eller vert teke med i samleposten «øvrige eigarar».

Registret vert oppdatert kvart år basert på opplysningar frå mediebedriftene sjølv.

Tilsyn med marknads- og eigartilhøve endre

Medietilsynet fører tilsynet med medieeigarskapsloven. Føretak som eig eller driv dagspresse, kringkasting eller elektroniske medium vert omfatta av loven. Loven avgrensar både nasjonalt og regionalt eierskap.[1]

Nasjonalt eigarskap endre

Ingen kan eiga eller kontrollera meir enn ein tredel av det samla dagsopplaget for dagspressen, av dei samla sjåartala for fjernsyn eller av dei samla lyttartala for radio.

Regionalt eierskap endre

Det er ikkje tillate å eiga eller kontrollera meir enn 60 prosent av det samla dagsopplaget av regionaviser og lokalaviser i ein medieregion. Noreg er inndelt i ti medieregioner:[2]

  1. Medieregion Nord-Noreg består av Finnmark, Troms og Nordland, bortsett frå Bindal kommune i Nordland.
  2. Medieregion Trøndelag består av Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag, og dessutan Bindal kommune i Nordland og Rindal kommune i Møre og Romsdal.
  3. Medieregion Nordvestlandet består av Møre og Romsdal bortsedd frå Rindal kommune, og dessutan Eid, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy i Sogn og Fjordane.
  4. Medieregion Vestlandet består av Sogn og Fjordane bortsedd frå Eid, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy kommunar, og Hordaland bortsett frå Bømlo, Sveio og Etne.
  5. Medieregion Sørvestlandet består av Rogaland og Bømlo, Sveio og Etne i Hordaland.
  6. Medieregion Sørlandet består av Aust-Agder og Vest-Agder.
  7. Medieregion Vestviken består av Telemark, Vestfold og Buskerud.
  8. Medieregion Østviken består av Østfold og dessutan Akershus bortsedd frå kommunane Asker, Bærum, Nittedal og Nesodden.
  9. Medieregion Innlandet består av Hedmark og Oppland.
  10. Medieregion Stor-Oslo består av Oslo, Asker, Bærum, Nesodden og Nittedal.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre