Tomasz Sokolowski
Tomasz «Soko» Sokolowski (fødd 25. juni 1985 i Szczecin, Polen) er ein norsk fotballspelar, opphavleg frå Polen. Far hans er den tidlegare Tromsø-spelaren Kazimierz Sokolowski. Han har norsk statsborgarskap.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Kallenamn | Soko | ||
Fødd | 25. juni 1985 | ||
Fødestad | Szczecin i Polen | ||
Høgd | 184 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Brann | ||
Nummer | 23 | ||
Ungdomsklubbar | |||
2003 | FC Lyn Oslo | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2003–2008 2009-2011 2012– |
FC Lyn Oslo Viking SK Brann |
141 (15) 43 (2) 2 (0) | |
Landslag | |||
2004 2004-2006 2006- |
Noreg U19 Noreg U21 Noreg |
3 (0) 23 (3) 1 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. april 2012 ‡ Landslagsmål oppdatert 10. april 2012 |
I mai 2003 debuterte han for FC Lyn Oslo og i sin fyrste kamp skårte han mot Molde. Han spelte midtbane for Lyn i fem år før han gjekk over til Viking i 2009, men hadde ei tid prega av skadar i klubben. I november 2011 signerte han for SK Brann, og debuterte den 25. mars 2012.