Tomatkniv
Ein tomatkniv er ein liten, sagtanna kjøkenkniv til å skjera tomatar og andre grønsaker med. Sagbladet skjer lett gjennom skalet på tomaten utan å øydeleggja fruktkjøtet. Somme tomatknivar har ein splitt i spissen til å flytta dei oppskorne tomatbitane med.