Tombi!, kjent i Nord-Amerika som Tomba!, er eit plattformspel utvikla av Whoopee Camp til PlayStation. Det vart utgjeve i Japan desember 1997 av Whoopee Camp og internasjonalt året etter av Sony Computer Entertainment. Spelet handlar om ein byting med rosa hår som søkjer etter å få armbandet til bestefaren attende frå ei gruppe av fiendslege grisar.

Tombi!
Utviklar(ar)Whoopee Camp
Utgjevar(ar)Sony Computer Entertainment
Whoopee Camp (Japan)
Kreativt ansvarleg(e)Tokuro Fujiwara
Produsent(ar)Tokuro Fujiwara
Komponist(ar)Harumi Fujita
SerieTomba!
Plattform(er)PlayStation
UtgjevingJP: 25. desember 1997
NA: 30. juni 1998
EU: 28. august 1998
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar
Del av serien Tomba!⠀
Tomba! 2: The Evil Swine Return→

Tombi! fekk positiv mottaking, særleg for den visuelle stilen og dei varierte spelemekanikkane. Det vart utgjeve på nytt til PlayStation 3 gjennom PlayStation Network juli 2011 i Japan og internasjonalt i 2012.[1] Trass i at spelet ikkje selde særleg bra, fekk det i 1999 ein oppfølgjar, Tombi! 2, og har halde på ein kultstatus sjølv fleire år etter utgjevinga.[2]

Referansar

endre
  1. «Ukens nettutgivelser». Gamer.no. Henta 16. august 2018. 
  2. «5 More Video Game Industry One-Hit Wonders». IGN. Henta 16. august 2018.