Opna hovudmenyen
Tomma
Geografi
Norway - Tomma.png
Stad Helgeland
Koordinatar 66°15′25.2″N 12°48′57.4″EKoordinatar: 66°15′25.2″N 12°48′57.4″E

Areal 47 km²

Høgaste punkt Tomskjevelen (922 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 116 (2007)
Folketettleik 2,5 /km²

Tomma er ei øy i Nesna kommune i Nordland. Øya har eit areal på 47 km² og 116 innbyggjarar (2007). Den viktigaste næringsvegen er landbruk, ei anna viktig næring er fiskeoppdrett. Her finst mellom anna Noregs einaste oppdrett av flekksteinbit: Tomma Marin Fisk AS. Det er òg eit lite båtbyggeri, Tomma aluminium, som i hovudsak byggjer fiskebåtar.

Det er ferjesamband til tettstaden Nesna og øyane Handnesøya og Hugla. Ferja til «Nesna-øyene» korresponderer med buss frå Mo i Rana og hurtigbåt frå Bodø/Sandnessjøen.

Øya er populær som utfartsstad, og det er mogleg å fiske, dykke, gå på grotteturar og drive paraglidning. Det er mogleg å overnatte på Tomma hytteutleie eller på campingplassen i Tomsvika der det òg er gjesteplassar for båt. Postadressa hit er 8723 HUSBY.

Tomma sett fra aust. Fra venstre Breitinden, Litltinden, Rundtinden og Tomskjeveln.

Nokre av toppane på øya:

  • Eidabelgen (217 moh.)
  • Rundtinden (643 moh.)
  • Tomskjevelen (922 moh.)
  • Tomtinden (feilaktig kalla Breitinden på nokre kart) (818 moh.)
  • Breidtomma (803 moh.)