Tommy Shannon
Tommy Shannon (fødd 18. april 1946 som Thomas Lafitte Smedley) er ein USA-amerikansk bassgitarist, som er mest kjend som medlem av Double Trouble, eit bluesrockband leia av Stevie Ray Vaughan. Han var fødd i Tucson i Arizona og flytta til Dumas i Texas då han var ni, der han byrja som gitarist. 21 år gammal byrja han å spele bass. Han spelte med Johnny Winter på Woodstockfestivalen i 1969. Han kom seinare inn i Double Trouble i 1981 og vart permanent medlem av bandet fram til Vaughan døydde i 1990. Shannon og bandkollega Chris Layton skipa seinare supergrupper som Arc Angels og Storyville.
Tommy Shannon | |||
Tommy Shannon på scenen i 2006 | |||
Fødd | 18. april 1946 (78 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tucson i Arizona i USA | ||
Fødenamn | Thomas Lafitte Smedley | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1962 | ||
Sjanger | Bluesrock, Texas blues | ||
Instrument | Bass, gitar | ||
Tilknytte artistar | Stevie Ray Vaughan, Double Trouble, Johnny Winter, Arc Angels, Storyville | ||
Plateselskap | Epic, Legacy, Sony, Geffen, Atlantic | ||
Verka som | Musikar |
Shannon vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Double Trouble i 2015.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tommy Shannon» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Rock Hall confirms members of Paul Butterfield Blues Band, the Blackhearts and Double Trouble being inducted», Cleveland Plain Dealer, 4. mars 2015