Tommy Smith (1945)

britisk fotballspelar

Thomas Smith (5. april 194512. april 2019), kjend som Tommy Smith, var ein engelsk fotballspelar for Liverpool fotballklubb, kjend for harde taklingar.

Tommy Smith
Tommy Smith (1966).jpg
Fødd 5. april 1945
Fødestad Liverpool
Død 12. april 2019
Dødsstad Waterloo

Smith var fødd og oppvaksen i Liverpool og spela om lag 500 kampar for Liverpool FC i åra 1963–1978. Han var med på å vinne fem ligameisterskap, og dessutan Europacupen i fotball i 1977. Han avslutta fotballkarrieren med ein sesong i Swansea City AFC i Swansea. Sidan arbeidde han som fotballskribent, skreiv ei spalte for Liverpool Echo kvar veke i 35 år frå 1979 til august 2014.[1] I mars 2008 gav han ut sjølvbiografien Anfield Iron.

LandslagsspelEndra

Smith spelte ein landskamp, den 19. mai 1971 tok han plass i Englands midtforsvar i den mållause kampen mot WalesWembley stadion i London.

KjelderEndra

  1. «Anfield Iron Tommy Smith retires as Liverpool Echo columnist after 35 years». Liverpool Echo. 22 August 2014. Henta 1 June 2016. 

BakgrunnsstoffEndra