Tommy Whittle

Tommy Whittle (13. oktober 192613. oktober 2013)[1][2][3][4] var ein britisk jazz-saksofonist.

Tommy Whittle
TommyWhittle1 enh.jpg
Tommy Whittle på ein jazzklubb kring 1990
Fødd13. oktober 1926(1926-10-13)
FødestadGrangemouth i Skottland
Død13. oktober 2013 (87 år)
DødsstadSpania
OpphavStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
SjangerJazz
InstrumentSaksofon
Verka somMusikar

BiografiEndra

Tommy Whittle byrja først å spele klarinett før han gjekk over til tenorsaksofon.[5] I 1943 byrja å han spele i bandet til Claude Giddins i Gillingham.[6]

I 1940-åra spelte Whittle med Johnny Claes, Lew Stone, Carl Barriteau og Harry Hayes. I 1946 vart han med i bandet til Ted Heath og spelte med han fram til 1952, då han gjekk over til den mindre gruppa til Tony Kinsey. Seinare i 1950-åra vart han med i Cyril Stapleton's BBC Show Band der han spelte som soloist i nasjonale sendingar. I april 1954 skipa han sin eigen kvintett med Harry Klein og Dill Jones, og turnerte seinare med eit ti mann stort band i 14 månader. Han leia så mindre grupper og spelte i klubbar. I 1955 vart han kåra til den beste tenorsaksofonisten i Storbritannia i New Musical Express og toppa kåringa til Melody Maker året etter.

I 1950-åra vitja sekstetten hans Frankrike og USA. I 1956 tok han ein kvartett (med Eddie Thompson, Brian Brocklehurst og Jackie Dougan) til USA i byte mot eit besøk av Gerry Mulligan.[5] Han spelte òg ei kort stund i Stan Kenton Band, då dei turnerte i Storbritannia. I 1958 vart han henta inn som bandleiar ved Dorchester Hotel i London, der han var fram til 1961.

Så følgde ein 12 år lang periode med Jack Parnell ATV Orchestra, som akkompagnerte Bing Crosby, Peggy Lee og Barbra Streisand.[4][5]

Han dreiv ein vekentleg klubb i Hopbine pub i Wembley, som var staden å vise fram britisk jazz.[2] Seinare arbeidde han med Laurie Johnson's London Big Band og spelte inn i lag med Benny Goodman. I 1980- og 1990-åra vart han ein mykje etterspurt studiomusikar og spelte i lag med Ted Heath Band leia av trombonisten Don Lusher. Han leia framleis sin eigen kvartett inn i 2000-åra og akkompagnerte Ella Fitzgerald Songbook, eit show styrt av songaren Barbara Jay (kona hans).

I juli 2005 fekk Whittle Worshipful Company of Musicians-prisen, ein ærespris innan britisk jazz.[7] Dei siste konsertane hans var Bridgewater Hall i Manchester (oktober 2012)[8] og Ray McVay si hyllest til Glenn Miller Orchestra i Wolverhampton Grand Theatre (januar 2013).[9] Whittle døydde på 87-årsdagen sin etter å ha fått lungebetennelse på ferie i Spania.[1]

DiskografiEndra

Som leiarEndra

  • Tommy Whittle Quartet (Melodisc, 1951)
  • Tommy Whittle Septet (Melodisc, 1951)
  • Tommy Whittle med Tony Kinsey Trio (Esquire, 1953)
  • Tommy Whittle Quintet (Esquire, 1954)
  • Tommy Whittle Quintet (Esquire, 1955)
  • Tommy Whittle Orchestra (Esquire, 1956)
  • Tommy Whittle Quartet (HMV, 1957)
  • A Touch of Latin (Saga, 1958)
  • Tommy Whittle Quintet (Tempo and Ember, 1959)
  • Sax for Dreamers (Masquerade, 1967)
  • Tommy Whittle Quartet (HMV, 1957)
  • Why Not? (Jam, 1977)
  • Jigsaw (Alamo, 1977)
  • The Nearness of You (Tee-Jay, 1982)
  • Straight Eight med Alan Barnes (Miles Music, 1985)
  • The Pizza Express All Star Band (The Poll Winners, 1990)
  • Warm Glow (TeeJay, 1992)
  • Encore! med The Bob Hudson Trio (Sine, 1997)
  • Grace Notes (Spotlight, 2003)
  • Tommy Whittle and the Tenor Connection (Spotlight, 2009)

Som sidemannEndra

  • Live at the Hopbine, Tubby Hayes (1965)
  • Memories of You, Barbara Jay (Tee-Jay, 1988)
  • Bean: Bob Wilber's Tribute to Coleman Hawkins, Bob Wilber (Arbors, 1995)
  • The Don Lusher Big Band Vol. 2, Don Lusher (Horatio Nelson)
  • Laurie Johnson's London Big Band Vol. 3, Laurie Johnson (Horatio Nelson, 2000)
  • Ella Fitzgerald Songbook Revisited, Barbara Jay, Tina May, Lee Gibson (Spotlite, 2000)
  • The Farewell Concert, Ted Heath (Avid, 2002)
  • The Musical Worlds of Laurie Johnson, Laurie Johnson (Avid, 2003)

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «The Guardian : Obituary». Theguardian.com. Henta 27. oktober 2019. 
  2. 2,0 2,1 «The Telegraph : Obituary». Henta 27. oktober 2019. 
  3. «The Times : Obituary». Henta 27. oktober 2019. 
  4. 4,0 4,1 «Jazzwise Magazine». Jazzwisemagazine.com. Henta 27. oktober 2019. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Chilton, John (1997). Who's Who of British Jazz. London: Cassell. 
  6. Jazz Journal, 1978, «Jazz Refugee from the Mickey Mouse Bands».
  7. Crescendo & Jazz Music, August/September 2005.
  8. «The Glen Miller Orchestra Appreciation Society Christmas Edition» (PDF). Glennmillerorchestra.co.uk. Arkivert frå originalen (PDF) 2016-03-05. Henta 27. oktober 2019. 
  9. «The Glen Miller Orchestra directed by Ray McVay». Glennmillerorchestra.co.uk. Arkivert frå originalen 2019-10-27. Henta 27. oktober 2019. 

BakgrunnsstoffEndra