Tomorrow Night av Coslow og Grosz
«Tomorrow Night» er ein song frå 1939 skriven av Sam Coslow og Will Grosz. Same året nådde Horace Heidt 16. plassen på salslista i USA med sin versjon av songen.
I 1948 fekk Lonnie Johnson ein hit på King Records med songen. Innspelinga bestod av Johnson på gitar og Simeon Hatch på piano. Lonnie Johnson sin versjon nådde toppen av R&B-lista og 19. plassen på poplista..[1]
Lonnie Johnson sin versjon av «Tomorrow Night» vart kjenningsmelodien hans og songen vart utvikla til ein bluesstandard. Lavern Baker fekk ein ny hit med songen i 1956. Songen vart spelt inn av Elvis Presley medan han var på Sun Records.[2] Jerry Lee Lewis spelte òg inn songen medan han var på Sun Records. Bob Dylan spelte inn songen i 1992 på albumet Good As I Been To You.
Versjonar
endre- 1939: Henry Russell and His Romancers - den første utgjevinga
- 1939: Horace Heidt and His Musical Knights
- 1939: Ben Bernie and His Orchestra
- 1948: Lonnie Johnson
- 1954: LaVern Baker and The Gliders
- 1957: Pat Boone
- 1962: B.B. King
- 1965: Brook Benton
- 1965: Charles Brown
- 1965: Elvis Presley
- 1967: The Soul Finders (instrumental)
- 1974: Jerry Lee Lewis
- 1992: Bob Dylan
- 1993: Mike Wilhelm
- 1996: Bruton & Price
- 1998: Sugar Ray
- 1998: Good Rockin' Tonightt
- 1999: The Rockin' Johnny Band
- 2001: Al Holden
- 2004: Pete Anderson
- 2004: The Taildraggers
- 2007: Reid Jamieson
- 2010: Charles Walker
- 2011: Dale Watson
- 2015: Tom Jones
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tomorrow Night (Coslow and Grosz song)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 303.
- ↑ Video på YouTube