Sun Records var eit plateselskap i Memphis, Tennessee i USA, som vart oppretta 27. mars 1952. Det vart grunnlagd av Sam Phillips og vart kjend for å gje kjend artistar som Elvis Presley, Carl Perkins, Roy Orbison og Johnny Cash deira første platekontraktar og starte karrieren deira. Før desse dukka opp hadde Sun Records houvdsakleg vore kjend for å spele inn afroamerikanske artistar sidan Phillips likte godt rhythm and blues og ønskte å spele inn svart musikk for eit kvitt publikum. Det var plateprodusent og lydteknikar Jack Clement som oppdaga og spelte inn Jerry Lee Lewis, medan eigaren Sam Phillips var på reise til Florida. Den opphavlege logoen til Sun Records vart teikna av John Gale Parker, Jr. frå Memphis, ein tidlegare klassekamerat av Phillips.

Musikken frå mange av platene spelt inn på Sun Records var med på å danne grunnlaget for popmusikk og rock and roll, samt påverke mange yngre musikarar som The Beatles.

I 1969 kjøpte produsenten Shelby Singleton frå Mercury Records opp Sun Records frå Phillips. Singleton slo saman selskapet sitt til Sun International Corporation, som gav ut fleire av dei tidlege artistane på Sun ut på nytt tidleg i 1970-åra. Selskapet eksisterer framleis i dag som Sun Entertainment Corporation.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre