Tone Aarak
norsk forfattar
Tone Aslaksdotter Aarak (fødd 23. april 1884 i Rauland, død 9. juli 1971)[1] var ein norsk forfattar og lærar.
Tone Aarak | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. april 1884 Rauland |
Død | |
Yrke | Lærar |
Periode | 1942-1955 |
Debut | Siste par ut |
Ho var fødd i Rauland, men familien flytte til garden Tonne i Nesland då ho var i sjuårsalderen, og før ho gifte seg brukte ho namnet Tone Tonne.[2] Som vaksen budde ho i Nissedal.[2]
Ho debuterte som forfattar 58 år gamal i 1942 med Siste par ut, og sidan kom det fire bøker til.[2] Framand kar kjem til gards frå 1949 er ein kriminalroman med handlinga bygd på ei drapssak frå tidleg på 1800-talet på garden Bratterud i Eidsborg.[2][3] Boka fekk god kritikk[4], og kom i nytt opplag i 2011.[2]
Bøker
endre- 1942 – Siste par ut – roman
- 1943 – Stundom skin sola – roman
- 1945 – Skuggar og solskinn – roman
- 1949 – Framand kar kjem til gards – kriminalroman
- 1955 – Liv – barnebok
Referansar
endre- ↑ ««SAMBOK: 922793888»». bibliotekkatalogen SAMBOK. Henta 15. april 2012.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 ««Aarak, Tone»». Telemarksportalen. Henta 15. april 2012.
- ↑ ««Årsmøte i Nissedal historielag»». Nettstaden til Nissedal kommune. Henta 15. april 2012.
- ↑ Eivind Hauge: «En gammel mordhistorie» i Aftenposten 26. november 1949. s. 7
Bakgrunnsstoff
endre- Digitaliserte bøker av Tone Aarak hjå Nasjonalbiblioteket
- Utgjevingar av Tone Aarak i Biblioteksøk
- Halvor J. Sandsdalen: «Tone Aarak kan takke eit beinbrot for at ho vart forfattarinne» i Jol i Telemark 1960