Opna hovudmenyen

Eidsborg (uttale: Ess'pår) er ei bygd i Tokke kommune i Telemark fylke. Staden ligg seks kilometers køyring nordom kommunesenteret Dalen, og har vegsamband sørover til Dalen og austover til Europaveg 134 via Riksveg 45. Eidsborg ligg på over 500 moh. og er ei fjell- og skogsbygd.

Eidsborg
stad
Eidsborgtjønni.jpg
Eidsborgtjønni og gardane på søraustsida sett frå kyrkjegarden ved Eidsborg stavkyrkje.

Foto: Falk Lademann

Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Telemark
Kommune Tokke
Postnummer 3880 DALEN
Preposisjon i Eidsborg
Wikimedia Commons: Eidsborg
Eidsborg stavkyrkje er truleg frå siste halvdelen av 1200-talet. Der kyrkja står stod det truleg tidlegare ei stolpekyrkje. Eidsborg-kyrkja er i lag med Heddal stavkyrkje dei to einaste bevarde stavkyrkjeene i Telemark fylke.
Foto: Falk Lademann

I Eidsborg ligg Eidsborg stavkyrkje frå slutten av 1200-talet og hovudavdelinga til Vest-Telemark Museum med mellom anna Stålekleivloftet frå kring 1170. Tømmeret i loftet er årringsdatert til kort etter 1167, noko som gjer Stålekleivloftet til det eldste daterte profane trebygget i Noreg.[1]

I fjella kring Eidsborg har det vorte teke ut brynestein frå 700-talet til ut i 1970-åra frå mange steinbrot. Bryna og bryneemna vart frakta ned til Dalen og derfrå ut til kysten på Telemarksvassdraget.[2] Eidsborgbryna vart derfrå eksporterte til Norden og resten av Europa.[3] Vraket av eit skip som forliste i vikingtida, det såkalla Klåstadskipet, vart funne med ei last bryne frå Eidsborg ombord.

NamnetEndra

Den norrøne forma av namnet var Eiðsborg. Forleddet blir til vanleg tolka som genitiv av eið n 'eid' - men sidan det ikkje finst nokon terrengformasjon i soknet som liknar på eit eid, så bør det heller tolkast som genitiv av eiðr m 'eid, høgtideleg/heilag avtale'. Sisteleddet kan vanskeleg vise til ei borg (eller bygdeborg), sidan noka slik ikkje er kjend frå staden. Ordet borg bør difor heller tolkast i den eldre tydinga berg. Tydinga av namnet blir da 'eidsberget', 'berget ein har gjort ein høgtideleg avtale om'. Ei slik tolking passar godt med historia: Det kjende brynesteinsbrotet i Eidsborg (som gav store inntekter) var eit sameige mellom dei største gardane - og kor mykje kvar enkelt gard kunne bryte ut var fordelt gjennom avtalte lottar.[treng kjelde]

ReferansarEndra

  1. «Vindlausloftet eller Stålekleivloftet» på nettstaden til Vest-Telemark Museum
  2. Vest-Telemark Museum: Brynesteinsproduksjon i Eidsborg
  3. Øystein Morten (2008). Stavkyrkja i Eidsborg : Ein biografi. Oslo: Scandinavian Academic Press/Spartacus Forlag. s. 16. ISBN 978-82-304-0037-1. 

BakgrunnsstoffEndra