Opna hovudmenyen

Tone Damli Aaberge

norsk songar

Tone Damli Aaberge (fødd 12. april 1988 i Sogndal) er ein norsk songar og popartist.

Tone Damli Aaberge
Tone Damli Aaberge.jpg
Tone Damli Aaberge
Fødd1988-04-1212. april 1988
FødestadSogndal i Sogn og Fjordane
FødenamnTone Damli Aaberge
AliasTone Damli
OpphavNoreg
Aktiv2005–i dag
SjangerPop
InstrumentVokal
Tilknytte artistarEric Saade
PlateselskapEccentric Music
Universal
Verka somSongar

Aaberge slo gjennom etter å ha delteke i talentprogrammet Idol i 2005. Ho ende på andreplass. Etter Idol skreiv ho under på platekontrakt med EMI Music. Frå 2008 er ho tilknytt Universal Music Norway, og manageren hennar er David Eriksen.

Hausten 2006 deltok Tone i Skal vi danseTV 2, der ho enda på ein tredjeplass. I Melodi Grand Prix 2009 deltok ho med songen «Butterflies». Der kom ho på andre plass etter Alexander Rybak. Singelen «Butterflies» selde seinare til platina, og låg på VG-lista i 17 veker, med andreplass som beste plassering.

Melodifestivalen 2013Endra

19. november 2012 offentleggjorde Sveriges Television (SVT) halvparten av deltakarane i Melodifestivalen 2013, der mellom anna Damli og Erik Segerstedt skal delta med songen «Hello Goodbye».[1]

DiskografiEndra

Album
  • 2005: Idol 2005 (samleplate)
  • 2005: Bliss
  • 2007: Sweet Fever
  • 2009: I know
  • 2010: Cocool
Singlar
  • 2010: I love you

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. «Nå er det bekreftet: Tone Damli til Melodifestivalen» (på norsk). Dagbladet. 19. november 2012. Henta 25. november 2012. 

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tone Damli Aaberge