Tone Sønsterud
norsk politikar
Tone Merete Sønsterud (fødd 17. mai 1959 i Oslo) er ein norsk fagforeiningsleiar og politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var nestleiar i LO Stat 2005–2009, og har vore vald inn på Stortinget frå Hedmark sidan 2009. Sønsterud er busett på Kongsvinger. Ho var vararepresentant til Stortinget frå 2001, og møtte i lengre periodar frå 2005.
Tone Sønsterud | |||
| |||
Fødd | 17. mai 1959 (65 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Sønsterud har yrkesbakgrunn frå avdelinga til Statistisk sentralbyrå på Kongsvinger 1977–2000. Ho har hatt ei rekke tillitsverv i NTL, og sete i LOs representantskap. Tone Sønsterud var medlem av Kongsvinger kommunestyre 1983–1987 og Hedmark fylkesting 1987–1991.
Stortingskomitear
endre- 2009–2013 medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen
Kjelder
endre