Tong Fei
Tong Fei (fødd 25. mars 1961) er ein kinesisk tidlegare turnar frå Nanchang. Han vann to gullmedaljar i så vel Turn-VM 1983 som i Turn-VM 1985.
Tong Fei | |
Statsborgarskap | Folkerepublikken Kina |
Fødd | 25. mars 1961 (63 år) Xiajiang |
Idrett | turn |
Tok del i | Asialekene 1982, gymnastics at the 1984 Summer Olympics – men's horizontal bar |
Tong VM-debuterte med ein femteplass i svingstang ved Turn-VM 1979. To år seinare fekk han ein bronsemedalje i lagtevlinga i verdsmeisterskapen, vart sidan nummer 4 i mangekampen og ringar. I Turn-VM 1983 i Budapest vann han ein gullmedalje med Kina sitt mannskap, før han gjekk heilt til topps i frittståande og kom på delt bronseplass i skranke. Under dei olympiske sommarleikane 1984 i Los Angeles vann han to sølvmedaljar, fyrst som deltakar i lagtevlinga med Kina, deretter i svingstang. I den olympiske mangekampen enda han på fjerdeplassen, fattige 0,150 poeng bak olympiameisteren Kōji Gushiken. Etter å ha opna med sølv i lagtevlinga ved Turn-VM 1985 i Montreal, sigra Tong både i frittståande og svingstang.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tong Fei» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2024.