Tonje Unstad
Mal:Infoboks musikk Tonje Unstad (f. 1981) er ein norsk visesongar frå Liland i Evenes kommune.
Ho debuterte med albumet Sett på Kirkelig Kulturverksted i april 2006. I september 2009 gav ho ut sitt andre album, Æ ror aleina, på Echofisk. Tema for albumet er byen og havet, og Tonje har eit forhold til begge delar. Ho voks opp nær havet og har seinare busett seg i Oslo. For albumet vann ho Spellemannprisen 2009 i klassen visesong. I 2011 gav ho ut barneplata Mygga og flua, og vann Spellemannprisen 2011 i klassen barneplate for dette.
DiskografiEndra
- Sett (2006)
- Æ ror aleina (2009)
- Mygga og flua (2011)