Opna hovudmenyen

Spellemannprisen 2011 vart delt ut i Folketeatret i Oslo laurdag 14. januar 2012.

Til saman vart det delt ut prisar i 26 klassar dette året. Denne utdelinga vart overført av NRK; dette var fyrste gongen NRK kringkasta utdelinga sidan 2001. Anne Lindmo var programleiar for hovudsendinga, medan Ronny Brede Aase og Live Nelvik leidde pausesendinga på NRK 3.

VinnararEndra

Klasse Artist Tittel Plateselskap
Kvinneleg artist Ane Brun It All Starts With One Det Er Mine, Balloon Ranger Recordings
Mannleg artist Jarle Bernhoft Solidarity Breaks Universal Music
Popgruppe Team Me To the Treetops
Elektronika Biosphere N-Plants
Samtidsmusikk Håkon Thelin Light
Rock Honningbarna La alarmane gå
Blues Amund Maarud Electric
Country Onkel Tuka Hvit honning
Metal Årabrot Solar Anus
Hip-hop Lars Vaular Du betyr meg
Folkemusikk/tradisjonsmusikk Ragnhild Furebotten Never on a Sunday
Danseorkester Dænsebændet Vi talas!
Jazz Ola Kvernberg Liarbird
Klassisk musikk Leif Ove Andsnes/Christian Tetzlaff/Tanja Tetzlaff Schumann - Complete works for piano trio
Viser Stein Torleif Bjella Vonde visu
Open klasse Bàrut - Inga Juuso Baggis
Barneplate Tonje Unstad Mygga og flua
Komponist Rolf Wallin (Bodø Sinfonietta/Lundeng/Torjesen og dir. Christian Eggen) Wire and String
Tekstforfattar Lars Vaular Du betyr meg
Årets nykomar og Gramo-stipend Jonas Alaska Jonas Alaska Jansen plateproduksjon
Årets hit Plumbo «Møkkamann»
Årets musikkvideo Envy «One Song» regi: Jonas Meek Strømman
Årets innovatør Shining
Årets spellemann Jarle Bernhoft
Heiderspris Jan Eggum
Produsentpris Kåre Vestrheim

Om prisutdelingaEndra

Heidersprisen vart presentert av Gitarkameratene. Jan Eggum starta introduksjonen, deretter heldt Lillebjørn Nilsen fram, så tok Halvdan Sivertsen ordet, før Øystein Sunde til slutt kom med konvolutten der namnet på prisvinnaren stod skrive. Medan han las teksten, utbraut Sivertsen: «Er det deg, Øystein?», men det viste seg snart at ein overraska Jan Eggum var vinnaren. Han kalla det i ettertid ein «narrepris».[1]

Musikkgruppa Plumbo fekk tildelt prisen «årets hit» for songen «Møkkamann». Under takketalen kom vokalisten Lars Erik Blokkhus med ein spøk[2] som blei oppfatta å vera rasistisk av mange: under utdelinga sa han til rapparane i Madcon: Når jeg ser dere, får låta en nytt navn: «Mokkamann». Dette førte til reaksjonar frå mange av tilskodarane. Madcon reagerte på si side med sinne og stygg omtale av Plumbo.[3] Terje Winterstø Røthing frå Kaizers Orchestra helte øl over Plumbo-vokalist Lars Erik Blokkhus midt under ei direktesendt unnskulding for takketalen,[4] noko som også førte til sterke reaksjonar i ettertid.[5][6] Madcon kalla Blokkhus for eit «fittehøl». Seinare kom både Røthing, Madcon og Blokkhus med orsakingar for utsegnene og handlingane sine.

NominerteEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra