Kirkelig Kulturverksted

Kirkelig Kulturverksted (KKV) er eit norsk foretak skipa i 1974. KKV har halde til i Kulturkirken Jakob i Oslo sidan år 2000, og driv kyrkja som eit kulturhus med m.a. teater, ei spesiallaga gudsteneste, konsertar og utstillingar. Dagleg leiar er Ole-Edvard Reitan.

Oppstart endre

Erik Hillestad var ein av dei som stod i spissen for å skipa Kirkelig Kulturverksted, og han var dagleg leiar frå byrjinga. KKV produserer ei rekkje gjenstandar som blir brukt av kyrkja, t.d. messehakelar og stolaar, og dei arbeider med kunstnarisk utsmykking av kyrkjerom. Kirkelig Kulturverksted er også eit plateselskap, og dei to fyrste artistane som brukte KKV som sitt plateselskap var Iver Kleive og Henning Sommerro. På grunn av økonomiske problem overtok Aschehoug eiginga av KKV i 1987. I 2004 vart KKV seld til Kirkens Bymisjon (40 %), Opplysningsvesenets fond (40 %) og Erik Hillestad (20 %).

Plateselskap endre

Kirkelig Kulturverksted vil vera eit kvalitetsmedvite selskap, og dei har gjeve ut plater innan både folkemusikk, rock og tverrkulturelle prosjekt. Per 2008 har KKV gjeve ut over 350 plater, m.a. med desse artistane: Arild Andersen, Ketil Bjørnstad, Sondre Bratland, Kari Bremnes, Erik Bye, Sigvart Dagsland, Bjørn Eidsvåg, Karoline Krüger, Geirr Lystrup, Ole Paus, Knut Reiersrud, Maria Solheim, Carola, Farmers Market, Kjetil Bjerkestrand, Lars Bremnes, Lars Lillo-Stenberg, Morten Harket, Jørn Simen Øverli, Agnes Buen Garnås, Tonje Unstad og SKRUK.

Utmerkingar endre

Kirkelig Kulturverksted fekk Brobyggerprisen i 1988, og Bjellesauprisen frå FONO då denne vart utdelt for fyrste gong i 1994.

Kjelder endre