Tonologien i shanghainesisk

Shanghainesisk, eller Shanghai-dialekten, er ein variant av wu, eit tonespråk som høyrer til den sinittiske greina av sinotibetansk. Framstillinga nedanfor byggjer på Duanmu (2009: 112-128) og Yip (2002: 185-189).

Kart over dei sinittiske språka. Shanghainesisk er ein dialekt av språket wu.

AnalyseEndra

For å kunne gje ei fullgod skildring av tonesystemet i shanghainesisk, må stavingane i språket delast i tre grupper:

  1. Stavingar som byrjar med ustemd obstruent
  2. Stavingar som byrjar med stemd obstruent
  3. Stavingar som byrjar med sonorant

I stavingar som byrjar med ein ustemd obstruent, skil språket mellom to leksikalske tonar – ein fallande tone HL og ein høg, stigande tone MH. Når einstavingsord blir uttala i isolasjon (såkalla sitatformer) har dei desse to tonane, som i desse døma:

  • HL: 三 séè 'tre'; 飞 fíì 'flyge'; 杯 péè 'kopp'
  • MH: 四 szź 'fire'; 盘 pøǿ 'tallerken'; 边 pií 'side'

Stavingar som byrjar med ein stemd obstruent, har alle den same leksikalske tonen – ein låg, stigande tone LM:

  • LM: 赚 zèe 'tene (pengar)'; 田 dìi 'åker, eng'

I stavingar som byrjar med ein sonorant, finn vi alle dei tre leksikalske tonane i sitatformene:

  • HL: 每 mɛ́ɛ̀ 'kvar'
  • MH: 美 mɛɛ́ 'ven, vakker'
  • LM: 煤 mɛ̀ɛ 'kol'

Duanmu (2009: 125) understrekar likevel at både HL og MH er lågfrekvente, slik at stavingar som byrjar med sonorant tenderer til å likne stavingar som byrjar med stemd obstruent. Difor hevdar Duanmu (2009) at shanghainesisk i hovudsak har eit system med to leksikalske tonar, HL og LH, der LH blir realisert som MH etter ustemde konsonantar og som LM etter stemde. Nedanfor fylgjer vi denne analysen.

Trykkveike stavingarEndra

Nett som mandarin – men i motsetnad til kantonesisk – skil shanghainesisk mellom trykksterke og trykkveike stavingar. Dei trykkveike stavingane misser alle spor av den leksikalske tonen, og den leksikalske tonen til den føregåande trykksterke stavinga blir spreidd utover begge stavingane, med den fyrste komponenten på den fyrste og den andre komponenten på den andre:

Sitatformer Orda i kombinasjon
HL 三 séè 'tre' + HL 杯 péè 'kopp' H-L 三杯 séé-pè 'tre koppar'
HL 三 séè 'tre' + LH 盘 pø̀ǿ 'tallerken' H-L 三盘 séé-pø̀ 'tre tallerknar'
LH 四 sz̀ź 'fire' + HL 杯 péè 'kopp' L-H 四杯 sz̀z̀-pé 'fire koppar'
LH 四 sz̀ź 'fire' + LH 盘 pø̀ǿ 'tallerken' L-H 四盘 sz̀z̀-pǿ 'fire tallerknar

MobilitetEndra

Dette at ein leksikalsk tone spreier seg utanfor den einskildstavinga han "opphavleg" høyrer heime i, finn ein ikkje døme på i mandarin og kantonesisk. I shanghainesisk finn vi med andre ord at tonane har ein mobilitet som er ukjend i dei to andre nemnde sinittiske språka.

TonesandhiEndra

Når ein leksikalsk tone spreier seg utover ei trykksterk og ei fylgjande trykkveik staving, har eit døme på tonesandhi som kan formulerast slik, der T1 og T2 er dei to komponentane i dei leksikalske tonane, høvesvis H og L i HL og L og H i LH:

  • [T1T2]trykksterk staving + [ ]trykkveik staving[ T1]trykksterk staving + [T2]trykkveik staving

BibliografiEndra

  • Duanmu, San 2009, Syllable structure. Oxford: Oxford University Press.
  • Yip, Moira 2002. Tone. (Cambridge textbooks in linguistics.) Cambridge: Cambridge University Press.