Tony Adams
Tony Alexander Adams (fødd 10. oktober 1966) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Dagenham som vann 8 nasjonale titlar med Arsenal FC og cupvinnarcupen 1994. Han var midtstoppar og lagkaptein for England under Fotball-EM 1996, der laget vart slått ut i semifinalen.
Tony Adams i 2010 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Tony Alexander Adams | ||
Fødd | 10. oktober 1966 (58 år) | ||
Fødestad | Romford i England | ||
Høgd | 1.91 m | ||
Posisjon | Midtback | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1983-2002 | Arsenal | 504 | (32) |
Landslag | |||
1987-2000 | England | 66 | (5) |
Trenar for | |||
2003-2004 | Wycombe Wanderers | ||
2008-2009 | Portsmouth | ||
2010-2011 | Gabala FK | ||
Landslagstrenar for | |||
2017 | Grenada | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endreAdams debuterte for Arsenal i november 1983 og la opp i mai 2002. Frå han var 19 år gammal spelte han fast i fyrsteellevaren og 21 år gammal vart han kaptein for laget. I tida frå og med triumfen i ligacupen 1987, var Adams med om å vinne ligaen fire gongar, FA-cupen tre gongar og ligacupen to gongar og cupvinnarcupen i 1994. Han var lagkaptein frå 1988 til han la opp.
Landslagsspel
endreAdams spelte i 66 landskampar for England i tida frå februar 1987 til oktober 2000, skåra 5 mål. Han deltok i tre europameisterskap, 1988, 1996 og 2000, og verdsmeisterskapen 1998 i Frankrike. Lengst med det engelske landslaget nådde Adams under EM i fotball 1996 på heimebane, der England rauk ut or meisterskapen i semifinalen etter straffesparktevling mot Tyskland. Han var lagkaptein i 15 kampar, fast kaptein 1995 og -96.
Merittar
endre- Vinnar av cupvinnarcupen: 1994 med Arsenal FC
- Engelsk ligameister: 1989, 1991, 1998, 2002 med Arsenal FC
- Engelsk FA-cupmeister: 1993, 1998, 2002 med Arsenal FC
- Engelsk ligacupmeister: 1987, 1993 med Arsenal FC
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tony Adams» frå Wikipedia på engelsk, den 12. desember 2018.