Cupvinnarcupfinalen i fotball 1994

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1994 fann stad i Parken i København 4. mai 1994, framfor 33 765 tilskodarar. London-laget Arsenal FC vann finalen, den 34. i sitt slag, med sluttsiffera 1-0 over tittelforsvarar Parma FC.

Kampen

endre
Lagoppstillingane

Alan M. Smith skåra kampens einaste mål på ein volley i det 20. minutt.

Václav Krondl frå Tsjekkia dømde kampen.

Arsenal sitt vinnarlag bestod av: David Seaman, Lee Dixon, Tony Adams (kaptein), Steve Bould, Nigel Winterburn, Paul Davis, Ian Selley, Steve Morrow, Kevin Campbell, Alan M. Smith og Paul Merson. På tampen av kampen spelte Eddie McGoldrick fem minuttar i staden for Merson.

Parma stilte med: Luca Bucci, Antonio Benarrivo, Roberto Sensini, Lorenzo Minotti (kaptein), Luigi Apolloni, Alberto Di Chiara, Tomas Brolin, Gabriele Pin, Massimo Crippa, Gianfranco Zola og Faustino Asprilla. Pin vart skifta ut med Alessandro Melli i det 71. minutt.

Kjelder

endre