Tony André Hansen
Tony André Hansen (fødd 23. februar 1979) er ein norsk sprangryttar. Han deltok på det norske spranglandslaget i dei olympiske leikane i 2008. Før finalen i individuell sprangridning vart Hansen og hesten Camiro utestengde på grunn av ei positiv dopingprøve som vart teken etter lagkonkurransen. A-prøva viste at hesten hadde spor i blodet av stoffet capsaicin, og B-prøva var også positiv. I lagkonkurransen tok det norske laget ein bronsemedalje, men dei vart frådømde medaljen på grunn av dopingsaka.
Tony André Hansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. februar 1979 (45 år) Sandefjord |
Idrett | Hestesport |
Tok del i | Sommar-OL 2008 |